– Vi er opptekne av samfunnsansvaret vårt

5. oktober 2021 • Av: Roy Sunde

I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er vi særs opptekne av å ta samfunnsansvar, blant anna ved at vi så langt som råd nyttar lokale leverandørar når vi handlar varer og tenester.

– Vi skal levere tenester av høg kvalitet til kundane våre, vere ein profesjonell aktør i alt vi gjer og samtidig fungere som ein «medspelar» for næringslivet i regionen vår, seier dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Frank Robert Klakegg.

Frank Robert Klakegg, Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. 

 

– Når vi handlar varer og tenester, og når vi utviklar tenestene til kundane våre, ønskjer vi samtidig å bidra til å styrke lokalsamfunna rundt oss. Difor er vi opptekne av å finne lokale leverandørar som både kan løyse dei behova vi har, og bidra til å styrke tilbodet og tenestene vi yt kundane våre. Å finne kompetansen vi treng lokalt er ei styrke for oss. Og så er det ein bonus at vi også er med på å styrke den lokale arbeidsmarknaden. Eit samfunn er avhengig av at alle aktørar bidreg for å utvikle den kompetansen og dei tenestene vi har rundt oss. Vi må spele kvarandre gode. Per i dag har vi lokale leverandørar på alt frå digital marknadsføring, trykksaker, nettsider og marknadsmateriell til ulike tilleggstenester vi tilbyr våre kundar, seier Klakegg.

 

CH Interior – bustadstyling 

Caroline Helle, CH Interior.

Caroline Helle driv selskapet CH Interior, som blant anna leverer bustadstyling til kundane til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

– Eg leverer rettleiing- og bustadstyling til kundar som ønskjer dette, og større pakkar til kundar som ønskjer å gjere salsprosessen enno meir komfortabel. Av og til blir eg også litt bære/flyttehjelp, særleg for eldre som ikkje alltid har familie å spørje. Om eg ikkje får tak i statist, stiller eg gjerne opp sjølv for ei meir «levande» annonse om kunden ønskjer. Eg deler også bustadannonsar på eigen profil, for å nå enno fleire potensielle kjøparar. Vi veit at ein del av dei som kjøper bustad ikkje var på jakt i utgangspunktet, så det er kjekt, seier Caroline, som hadde sitt første oppdrag for Eigedomsmekling i 2017. I 2020 fikk ho fast avtale.
– Det er kjekt å kunne bistå mine tenester til ein så seriøs og dyktig aktør, slik at dei kan oppnå enno betre resultat for sine kundar og seg sjølv. Dei har ein stor marknadsdel, så eg har nok å henge fingrane i. Samarbeidet med dei har gjort meg og bedrifta meir kjent, seier ho.

– Kva tenker du om dette med å nytte lokale leverandørar sjølv?

– Det er kjempeviktig. Eg er stolt av heimstaden, og ønskjer at bedrifter her skal lukkast. Eg handlar så mykje som råd i lokale butikkar. Eg var sjølv avhengig av hjelp i starten. Sjefen på Bohus Førde sørga for lager til meg og har gitt meg gode avtalar i byte mot marknadsføring. Utan gode avtalar hadde ikkje firmaet mitt vore der det er i dag. Folk må sette pris på det rundt seg, elles er det brått ikkje der lenger. At ein støttar kvarandre lokalt betyr enormt mykje – og er med på å gjere at ein tørr å satse, seier ho.

 

– Gav oss stabiliteten til å utforske andre marknadar

Emil Rasmussen, We Are Media.

 

Emil Rasmussen jobba med foto i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i 2017. I 2019 starta han selskapet We Are Media, der han er dagleg leiar. Selskapet har no tre tilsette, som leverer foto- og videotenester, skreddarsydde custom code nettløysingar, ecommerce og 3D-prosjektering av eigedom.

– Sidan 2019 har vi levert bustadfotografering og video til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, og jobba med å utvikle produkta deira innan video, 360-foto og kreative fotooppsett, med t.d. statistar i annonser, seier han og fortel at dette har vore ein viktig avtale.
– Dei er ein viktig kunde, som gir oss god stabilitet i botn og god flyt i oppdragsmengda. Det var avgjerande for å kunne eksperimentere i andre marknader, og det har gitt ringverknadar i form av på kor mykje folk ein møter. Ein knyt nettverk, som fører til nye samarbeid. Det gav høve for utvikling, slik at eg kunne skape fleire arbeidsplassar i selskapet, seier Emil, som fortel at han er særs oppteken av å bygge gode relasjonar og dra nytte av kvarandre i lokalmiljøet så godt som råd.

– Eg var nyleg i møte med eit selskap i Øvre Årdal som vi samarbeider med, og prata om akkurat dette. Vi var ganske samde om at alle omtalar bedrifter i «gamle» Sogn og Fjordane som lokale bedrifter. Vi har også god kultur for å bygge relasjonar med direkte konkurrerande bedrifter. Vi har funne ut at det er meir lønnsamt å støtte opp under kvarandre der det trengst i eit lite lokalsamfunn,  heller enn å spenne bein på kvarandre.

– Mogleggjorde ei sterk satsing på digitale tenester

Ole Jonny Klopstad, Rein Design.

 

Rein Design er eit kommunikasjonsbyrå i Sunnfjord, som blant anna leverer tenester innan grafisk design, marknadsføring, web, produksjon av innhald. Dei siste åra har dei også spissa seg på digital marknadsføring. I 2018 byrja dei å levere innhald og annonsering til sosiale medium, samt produksjon av artiklar til heimesida til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

– Dette var ei viktig avtale for oss, som førte til at vi kunne auke satsinga vår på dette feltet, blant anna ved å tilsette ein digital marknadsførar, seier dagleg leiar Ole Jonny Klopstad.

Våren 2020 fikk Rein Design ein ny avtale, om digital marknadsføring av alle bustadane Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sel også.

– Det gir faste oppdrag og faste månadlege inntekter. Det er viktig i ein bransje der ein ikkje alltid veit kva som ventar av oppdrag rundt neste sving. Det gav det oss høve til å satse enno meir på digital kompetanse. Desse oppdraga har styrka oss, og gir oss eit sterkt fundament for å satse vidare.

– Kva tenker du om å nytte seg av lokale leverandørar og lokal kompetanse?

– Å kjøpe tenester av kvarandre lokalt er utruleg viktig. Det skaper vekst og lokal verdiskaping. Dette er vi særs oppteken av. Vi har lokale samarbeidspartar vi både løyser prosjekt saman med, eller som underleverandørar. Vi inngikk nyleg ein avtale med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Kongleriket og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, der vi saman med byrået Big Fish i Florø/Oslo er leverandør av grafiske tenester. Eigedomsmekling er no vår største kunde, og er såleis sentral i vår vidare satsing.

 

Nettsider og interne støttesystem

Ellen Katrine Kristensen, Mediebruket. 

 

Nettsida til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er utvikla og bygd i Førde, av Mediebruket.

– Vi er eit konsulentselskap som er knallgode på digitale tenester. Vi har fokus på nettsider og andre nettbaserte løysingar, SEO, digital marknadsføring, design og merkevarebygging. Vi har hovudkontor i Førde og avdelingskontor i Bergen. Vi har helde på sidan 2009, og er i dag tolv tilsette. Vi jobbar med både små og store aktørar, lokalt og nasjonalt, fortel dagleg leiar og merkevarerådgjevar i Mediebruket, Ellen Katrine Kristensen.

Mediebruket byrja å levere tenester til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i 2016.

– Då i form av utvikling av nettsider og interne støttesystem for dei. Dei er ein stor og solid lokal aktør, som det er spennande å få vere med å utvikle tenester for. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er ein profesjonell bestillar som set krav til oss som leverandør, og sørger for at vi utviklar oss, seier ho og fortel at ho deler filosofien om å bruke lokale leverandørar.

– Eg oppteken av at vi som lokale aktørar sjølve har ansvaret for å fremme gode kår i eige område. Om vi er flinke til å framsnakke og nytte oss av kvarandre sine tenester vil vi vere med på å skape eit fagmiljø som sidan vil kunne danne ringverknader ut over eigen region.

 

Vi er avhengig av å nytte kvarandre

Ole Petter Heggestad, Gosh PGP.

 

Gosh PGP i Sogndal er medlem i Gosh, landet si største profilartikkelkjede. Dei leverer til små og store bedrifter rundt om i fylket, også Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

– Vi er totalleverandør av profilprodukt, firmagåver og strøartiklar. Vi ønskjer å gi profilglede til Fjordfylket, seier seljar Ole Petter Heggestad.

– Vi leverer rådgiving og levering av profilprodukt til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, som dei nyttar i alle fasar av si marknadsføring. Som leverandør til små og store organisasjonar i gamle Sogn og Fjordane er vi heilt avhengig av at aktørar som dei støttar oss. Når vi kan vise til at våre naboar nyttar oss, og at vi nyttar dei, er det langt lettare å nå ut til fleire, seier han og deler sine tankar om å nytte lokale leverandørar så langt som råd.
– Dette er ein viktig del av grunnstamma i vår kultur. Så langt det let seg gjere nyttar vi leverandørar i nærområde, for å vise at vi er med å bygge opp under vekst i vår region. Vi har tru på at leverandørar nær oss har minst like god kompetanse og kvalitet som alle andre dersom me gje dei tillit, seier han.

 

Tryggleik i botnen

Odd Erik Natvik, E. Natvik Prenteverk.

 

Leverandør av trykksaker til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er E. Natvik Prenteverk. Ei tradisjonsrik bedrift starta i 1906, av Erik Natvik. I 1909 flytta han verksemda til Florø, og det gikk mest i avistrykking.
– Seinare kom aksidensarbeid, eller trykksaker som folk omtalar det som. Utforming og trykking av brosjyrar i fargar kom inn frå midten av 1970-talet. Sidan har utviklinga halde fram. I dag er Natvik ein grafisk totalleverandør. M.a.o. det aller meste kan leverast. Det vi ikkje gjer sjølve, bruker vi underleverandørar på, seier dagleg leiar Odd Erik Natvik.

– Vi har trykt bustadprosjekta til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sidan 2012. Dei har sitt eige system, der dei legg inn nødvendige opplysningar, bilete, rapporter og andre ting som kart o.l. Systemet genererer eit trykk-dokument som PDF, som oppfyller alle trykkerikrav. Vi lastar ned fila, trykker og ferdiggjer prospekta. Vi står også for utsending og levering til dei ulike avdelingane til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, seier Natvik og fortel om ein bransje i stor endring.
– Dei store opplaga finst ikkje lenger, og alle i grafisk bransje har måtte omstille seg. Det er digitaltrykk som gjeld. Det betyr kort leveringstid, færre eksemplar og mindre ordrereservar enn før. Derfor er faste oppdrag kjærkomne. Avtalen med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er svært viktig for oss. Å ha ei relativt fast omsetning i botnen kvar månad er ein tryggleik for oss, seier Natvik og fortel at han sjølv er svært oppteken av å nytte lokale leverandørar.

– Fordelane er mange: Personleg kontakt og kjennskap, kort leveringstid, kortreiste produkt, evne til rask omstilling etc. Ved å bruke lokale leverandørar er vi med på å oppretthalde mangfaldet av verksemder i distriktet. Lokal handel er avgjerande for arbeidsplassane, og det er viktig at menneske med god kompetanse ikkje forsvinn til større byar som Oslo og Bergen. Om ein sluttar å handle lokalt, ender det til slutt opp med at lokale tilbod forsvinn. Og det vil ein jo ikkje, avsluttar han.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.