Eigedomsmekling Sogn og Fjordane – det beste valet når du skal selje bustaden din

2. september 2020 • Av: Roy Sunde

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den største aktøren i omsetnad av bustadar i Sogn og Fjordane.

Årleg omset Eigedomsmekling Sogn og Fjordane om lag 750 eigedommar, fordelt på alle typar eigedom, til ein samla verdi på ca 2,5 milliardar kroner. Vi har kontor i Førde, Florø, Sogndal, Stryn, Nordfjordeid og Bergen. Dette, kombinert med lang erfaring frå 1995 og til i dag, betyr at Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har størst kunnskap om den lokale bustadmarknaden.

Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, får du det breiaste og sterkaste fagmiljøet innan mekling i vår region med på laget ditt.

 

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane – det trygge valet når du skal selje bustad

Den breie og lange erfaringa, og det store fagmiljøet, gjer Eigedomsmekling Sogn og Fjordane til det trygge valet når du skal selje bustaden din.

– Med 20 tilsette er vi det største meklarføretaket i vår region, med det breiaste og sterkaste fagmiljøet. Våre meklarar har stor fagleg kompetanse og lang erfaring, og vi gir dei kontinuerlig påfyll gjennom salstrening og kurs. Slik sikrar vi at dei alltid er fagleg oppdatert, seier dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Frank Robert Klakegg, som fortel at høg fagleg kompetanse er kunden sin tryggleik.

– Å selje eller kjøpe bustad er ting ein ikkje gjer ofte, og det er store verdiar vi snakkar om. Tillit er eit nøkkelord når kunden skal velje meklar. Vi trur tillit heng saman med høg fagleg kompetanse. Vi har eit sterkt finanshus i ryggen, Sparebanken Sogn og Fjordane, som er samlokalisert med våre meklarkontor, og eiga oppgjersavdeling. Det betyr ar vi har «alt under same tak». I tillegg har vi også eigen fotograf og bustadstylist, for å sikre at salsmaterialet held høg kvalitet, og at bustadane ser best mogleg ut når dei skal seljast.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane – den beste marknadsføringspakka

Når du skal selje bustad er marknadsføring viktig, for å sikre at du når flest mogleg potensielle kjøparar. At du når både dei som er aktivt på jakt etter ny bustad, og dei som sit på gjerdet og først «hoppar» når det rette objektet dukkar opp. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane tilbyr den breiaste marknadsføringa lokalt, både i tradisjonelle medium og digitalt.

— Som einaste meklarføretak i regionen vår har vi toppbannar og «karusell» på nettavisene til Firda, Firdaposten og Sogn Avis. Vi trur papir framleis er viktig, desse avisene har samla omtrent 25.000 daglege lesarar. Vi er størst i vår region på tradisjonell marknadsføring, seier Klakegg, og understrekar at dei også satsar hardt på digital marknadsføring.

– Vi har eit eige byrå i Førde, Rein Design, som administrerer og optimaliserer marknadsføringa vår på Facebook og Instagram.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane tilbyr tilpassa marknadspakkar

Verda er alltid i endring, og det same gjeld omsetnad av bustad. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har difor sterkt fokus på kompetanseheving og trening av meklarane, og på å utvikle nye tenester og marknadspakkar. Alt for at kunden skal vere trygg på at dei får det servicenivået dei ønskjer. Som kunde kan du velje den pakka som høver deg best.

– Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan mekling: Frå enkle kontraktsoppdrag til komplette salspakkar tilpassa eigedomen din. Vår eigen fotograf sikrar deg profesjonelle, gode bilete til marknadsføringsmateriellet, og du kan nytte deg av vår bustadstylist, som sikrar at bustaden din viser seg frå si beste side, både i marknadsmateriell og på visning. Du får profesjonell marknadsføring, både i aviser og digitalt på ulike flater. Vi kan også formidle kontakt med relevante tenester kunden treng i samband med sal av bustad, til dømes reingjering og flyttebil. Du kan med andre ord velje kor mykje av prosessen rundt sal av bustad du ønskjer å delta i, eller sette vekk «heile» prosessen, seier han og held fram.

– Som kunde får du også tilgang til vår eigen portal: «bustaden min», som let deg følgje prosessen med sal av bustaden din til frå start til slutt. Og til slutt sikrar vår eiga oppgjersavdeling deg ein trygg og god gjennomføring av oppgjeret, seier han.

Ingen kostnad om ikkje bustaden din blir seld

Ein siste, særs god, grunn til å velje Eigedomsmekling Sogn og Fjordane når du skal selje bustad er salsgarantien.

– Den er veldig enkel å forklare: Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane til å selje bustaden din får du vår salsgaranti. Om vi ikkje får selt bustaden din, har du heller ingen kostnad med å bruke oss. Dermed har du som kunde ingen risiko ved å nytte oss, seier Klakegg.

Les også gjerne vår artikkel: Sju gode grunnar til å velje meklar når du skal selje din bustad

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…