No gjer vi det enno lettare å selje bustad gjennom oss!

8. februar 2021 • Av: Roy Sunde

I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane veit vi at å selje bustaden er ein av dei viktigaste transaksjonane ein gjer i løpet av livet. Vi har difor laga ein ny marknadspakke som reflekterer dette, og gjer det enno enklare for deg å selje bustaden din gjennom oss. 

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i regionen vår, og vi omset om lag 750 eigedommar årleg.
– Vi har lenge hatt den beste marknadspakken for bustadsal i regionen vår. Det betyr ikkje at vi kviler på laurbæra – i staden jobbar vi kvar dag for å utvikle oss og gi kundane våre eit stadig betre produkt. Kombinert med våre dyktige meklarar, vår salsgaranti og eiga oppgjersavdeling, gjer det oss til det trygge valet når du skal selje bustaden din, seier Frank Robert Klakegg, dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

 

Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, får du det breiaste og sterkaste fagmiljøet innan mekling i vår region med på laget ditt, og den beste marknadspakken. 

 

Den beste marknadspakken har blitt enno betre
No har Eigedomsmekling Sogn og Fjordane gjort marknadspakken sin enno betre.

– Vi har utvida innhaldet du som kunde får inkludert i marknadspakken når du sel bustad gjennom oss: No får du gratis utlånshengar når du skal flytte ut, gunstige prisar på utvask gjennom BB-Gruppa, interiørrettleiing ved bustadstylist Caroline Helle, skreddarsydd marknadsføring og bilete teke av profesjonell fotograf, seier Klakegg.
I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er vi opptekne av at du skal vere trygg når du overlèt salet av bustaden din til oss. Difor gir vi deg også salsgaranti.

– Den gjer at du som kunde slepp å betale oss for jobben vi gjer, visst vi ikkje får seld eigedomen din. Vi lanserte nyleg også eit nytt produkt: «Bustaden min», der du får full kontroll og oppdateringar gjennom heile sals-prosessen, fram til pengane står på konto, seier han.
– Våre framoverlente, lokalkjende meklarar følger deg trygt gjennom bustadsalet, frå første møte til overtaking. Dei kjem gjerne på synfaring for å starte planlegginga med deg, så det er berre å ta kontakt.

 

 

Dette får du inkludert i marknadspakken din når du sel bustad gjennom oss:

* Interiørrettleiing ved bustadstylist Caroline Helle inkludert i marknadspakken

* Profesjonell fotograf

* Skreddarsydd marknadsføring

* Gratis utlånshengar når du skal flytte ut

* Gunstige prisar på utvask gjennom BB-gruppa

* Vår salsgaranti: Om vi ikkje skulle få selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss.
* Følg heile sals-prosessen via tenesta «Bustaden min»

Her kan du lese meir om korleis vi sel bustaden din
https://www.eigedomsmekling.no/tips-og-rad/skal-du-selje-bustad/

Du kan lese meir om kvifor vi er det trygge valet når du skal selje bustad her:

https://www.eigedomsmekling.no/tips-og-rad/eigedomsmekling-sogn-og-fjordane-det-beste-valet-nar-du-skal-selje-din-bustad/

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…